Forteljinga kjem gjennom meg

Eli har budd i gjestehuset på Katarinahjemmet mange gonger.

Ein gong skreiv ho eit dikt her og! Det gav ein andreplass i diktkonkurranse i tidsskriftet Sivilisasjonen.

Året var 2022, men me fekk først vita det nyleg. Me ber henne seia meir om seg sjølv og diktet – skrive her hos oss.

Kan du seia oss noko om deg sjølv?

Mitt namn er Eli Anna Gudmundsen, og eg arbeider på Steinerskolen i Haugesund. Her underviser eg i engelsk, kunsthistorie/kunst og bevegelsesfaget eurytmi.

Eurytmi som tyder “vakker bevegelse” på gresk, er nok er eit ukjend fag for folk flest, så derfor litt om det: I eurytmien arbeider ein både med språk (lydeurytmi) og musikk (toneeurytmi). I lydeurytmien dansar elevane våre dikt eller prosa for å sei det enkelt. Alle språk-lydar, grammatikalske elementer, episk, lyrisk og dramatisk mm har sine spesifikke bevegelsar, og det same gjeld for tone-eurytmien. Dette er med anna eit strukturert bevegelsesfag, og derfor tek denne kunstutdannelsen minst 4-5 år – og utlært vert ein aldri!

Alltid likt å skriva

Eg har alltid likt å skriva, og eg skriv både på bokmål, nynorsk og engelsk.  Enkelte gonger skriv eg «matnyttige» vers til bruk i småskulen, til dømes.


Frosten er en gammel mann, med kalde fingre kommer han, og klyper deg i nesen.

Han puster rim på alle land, og isroser på alle vann, og han er ikke kresen.

For finner han et rognebær, han gjør det søtt med kuldevær, slik er hans liv og vesen.


Fleire dikt på trykk

Eg har skrive mange oppgaver i forbindelse med studier, eg skriv framleis brev, og ein gong iblant blir tankane og følelsane mine til dikt. Ein gong vann eg to flybilletar t/r Barcellona med eit dikt, og ein annan gong kom same diktet på trykk i nynorskavisa Dag og Tid.

Nokre av dikta mine har og kome på trykk i lokalavisa vår, og i forbindelse med Vise og Lyrikkfestivalen her i Haugesund har eg og lese dei opp.

I Sankta Katharina-klosteret

Så då tidskriftet Sivilisasjonen lyste ut ein diktkonkurranse for 2022 kor kriteria var at dikta sko vera på rim og det overordna temaet var «gjenfødelse», sende eg inn diktet I Sankta Katharina-klosteret og kom på 2. plassen.


I Sankta Katharina-klosteret

Eg sit her med Noah på veggen i nonnenes enkle losji
I handa held Noah ei duve, på taket hos meg sit det ti

Dei kurrar og kurrar og minnest at Arken var stor som eit fjell
Og duva var liten og tagal, men Noah han likte ho lell

Mi duve, mi duve, flyg ut no, eg tykkjer me mest har fått nok
Av regn og av tåke og vindar, og stormar og bylgjor og fokk

Mi duve, mi duve, flyg ut no, for ungane lengtar mot land
Og kvinnene ynskjer seg blomar og åkrar og palmer på strand

Og duva, snøgt flaug ho av garde, og så vart det stille om bord
Til ho kom attende med greina, – den grøne, og Noah skreik: Mor!

Sjå greina! Sjå bladet det grøne! Sjå livet, mi duve, min ven!
Og duva ho slapp ikkje greina, men kurra med nebbet igjen

Og sidan har duvene kurra, dei er ikkje tagale meir
Dei minnar oss på at for gudar, er jorda eit menneskjereir.


Katarinahjemmet

Etter at ei katolsk venninne for mange år sidan fortalte meg at ein kan bu billeg og sentralt på Katarinahjemmet, bur eg der nesten alltid når eg kjem til Oslo på kurs i eurytmi og anna.

Eg likar at gjesteromma romma er enkle, reine og fredelege, og sist eg var der var frukosten og heilt fin.

Noa med duva

På mitt gjesterom på Katarinahjemmet hang det ein reproduksjon i svart- og bruntonar, og først mykje seinara fann eg ut at det var av Marc Chagall, for vanlegvis måla han mykje med blått og andre reine fargar.

På bilete ser ein Noah frå Det gamle testamentet. Noah står att med eit vindu i Arken, og i handa held han ei duve. Bak han skimtar du og ei kvinne med eit lite barn på armen, og foran han ser ein ei geit og ein hane.

Den gongen eg skreiv diktet, sat eg og såg på Noah medan duvene trippa rundt på gårdsplassen utanfor klosteret. Inspirasjonen tok meg tydelegvis, for det vart jo til eit dikt som eg er godt fornøgd med, og som andre og ser ut til å finna meining i!

Over gjenomsnittleg oppteken av språk

Eg planlegg ikkje dikta mine, det er meir slik at eg møter noke i livet, og så kjem fortellinga gjennom meg.

Men sjølvsagt er eg nok over gjenomsnittleg oppteken av språk generelt og ellers kunst i alle former. Eg likar til dømes å slå opp i etymologisk ordbok når eg funderar over kva som ligg bak eit ord som Vadlasletta. Det er dialektord her vestpå som har overlevd sidan vikingetida og det tyder sludd, slaps.

 


Eli Anna Gudmundsen har svart på spørsmåla skriftleg. Me takkar henne for å dela med oss.


 

Facebooktwitterpinterestlinkedinmail